Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje Studiespesialisering?
- Du får studiekompetanse som gjer det mogleg å søkje opptak ved høgskular og universitet
- Du får ei brei allmennutdanning som gjev deg kunnskap både innan språk, historie, realfag (matte, naturfag, kjemi, fysikk, biologi, geofag), religion, geografi, samfunnsfag (sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar, historie og filosofi), engelsk og norsk
- Du får innsikt i samfunnet og dei ordningar som påverkar og formar dette
Kva kan du bli?
Vel du full fordjuping i realfag vil du få spesiell studiekompetanse, slik at du kan søkje opptak ved til dømes ingeniørstudium, legestudiet og veterinærstudiet.
Vel du fordjuping innan dei andre programfaga, får du generell studiekompetanse og kan søkje opptak til dei aller fleste studium ved høgskule og universitet. Døme på aktuelle yrke er:
- psykolog
- jurist
- lærar
- sjukepleiar
- illustratør
- revisor
- fysioterapeut
- skodespelar
- økonom
- politi
- omsetjar, og mykje, mykje meir