Austrheim vgs ynskjer at elevane skal få meir påverknad på sin eigen skulekvardag.
Samstundes ser me at den tradisjonelle elevrådsmodellen ikkje fungerer optimalt når målet er å engasjere flest mogleg elevar i sin skulekvardag. Difor lanserte me omgrepet Elevdemokrati 2.0 for å skape noko nytt.
Skulen skal framleis ha eit elevråd. Dette vert ein opplæringsarena for demokratiske prosessar, og dei vil oppleve å få reell påverknad. I tillegg vil me engasjere breiare, og set difor ned ulike grupper, komitear og styrer med elevrepresentasjon. Me har såleis eit kantinestyre, aktivitets- og arrangementskomite, gruppe for inkludering/godt psykososialt skulemiljø, gruppe for fysisk skulemiljø, solidaritetsgruppe og KI-gruppe.