Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Bilete av to bygg-elevar ved saga

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr vg1 og vg2

Vg1 er felles for alle som tar bygg- og anleggsteknikk. Det er mange ulike programområde du kan gå vidare til på vg2. Det kan du lese meir om på vilbli.no. Her på Austrheim vgs kan du andre året velje vg2 tømrar. Vi har også nokre plassar med vg2 anleggsteknikk. 

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Du kan bli tømrar, men òg mykje anna viss du vel bygg- og anleggsteknikk! Du kan for eksempel jobbe som:

  • anleggsmaskinførar
  • murar
  • røyrleggjar
  • malar
  • stillasbyggjar
  • banemontør, med fleire

 

Lurer du på kva du skal bli eller kva fag du kan velje på vg2? Ta kontakt med avdelingsleiaren (sjå kontaktinfo nedst på sida) eller les meir på vilbli.no.

Første året (vg1)

På bygg- og anleggsteknikk kan du mellom anna lære å byggja hytter, forskaling, stillas, murar og benkar. I tillegg får du vere med på aktuelle byggjeoppdrag frå private og offentlege i nærområdet. Du lærer å bruke ulike verktøy og maskiner. HMS er i høgsetet hos oss, og du får full opplæring i dette.


Elevar kan om ønskjeleg ha praksis i bedrift ein dag i veka, og ein dag på verkstad det første skuleåret. Me prøver å gjere teorien så praktisk som mogleg her på Austrheim.


I løpet av skuleåret reiser me rundt for å besøke bedrifter for å få eit inntrykk av korleis det er i arbeidslivet. Du får også være med å besøke andre skular for å sjå nærare på kva du vil satse på etter endt vg1-løp. Me har gode kontaktar med næringslivet.

Søk opptak via Vigo

Læreplan vg1 bygg- og anleggsteknikk

Andre året (vg2)

På vg2 tømrar blir du førebudd på arbeidslivet. Me kjenner bedrifter og har høve til å tipse deg om kor det er mogleg å få seg læreplass.

Vg2 er mykje ute på oppdrag hos kundar. Då kan du jobbe med alt frå å setje opp eit tilbygg, stillasbygging, forskaling, armering, støyping og muring.


Som elev på vg2 tømrar eller anleggsteknikk får du god opplæring, fysisk aktivitet og mykje frisk luft.

Søk opptak via VigoLæreplan vg2 tømrarLæreplan vg2 anleggsteknikk

Byggfag

Vegen vidare

Læreplass

Etter vg2 kan du bli lærling innan det utdanningsprogrammet du har vald. Medan du er i lære vil du få løn av arbeidsgjevaren din. Når du er ferdig med læretida (to år), kan du gå opp til fagprøven og får fagbrev.

Korleis få læreplass

Vg3 på skule

Når du er ferdig med vg2, kan du og velje å fortsetje på skule og ta vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Då får du generell studiekompetanse og kan søkje på dei fleste studium ved høgskular og universitet.

Er du usikker på kva du vil bli, kan du lese meir om ulike utdanningar og yrker på Utdanning.no.