Hopp til hovedinnhold

Avtale for russefeiringa ved Austrheim vgs 2024

Avtale mellom Avdelingsdirektør opplæring og kompetanse og Austrheim vgs sitt lokale russestyre, russ 2024

Formål

Russetida skal være ei positiv, inkluderande og trygg oppleving for russen, og eit minne for alle i skulesamfunnet.

Avtale om reglement og handlingsplanen for russefeiringa skal trygge elevar, lærarar og andre tilsette ved Austrheim vgs mot hærverk og trakassering på skulen sitt område. Elevar skal ha tryggleik for eige liv og alvorlege helseutfordringar og kunne kjenne seg trygg i skulemiljøet.

Elevane sitt læringsmiljø skal ikkje uroast.

Skulen, hus i nabolaget og i nærleiken skal skånast mot hærverk.

 

Hugs:

  • Det er skule i heile russetida.
  • Vurdering og eksamensførebuing gjennomførast som normalt i russetida.
  • Nærvær på skulen er viktig for resultat.
  • Eksamen startar rett etter russetida.
  • Skulen sitt reglement gjeld også i russetida - utan unntak.

 

Rammer

Reglement og handlingsplan for russefeiringa gjeld alle elevar som går vg3 ved Austrheim vgs.

  • Russen på alle skular skal være inkludert, russen skal være samen om russefeiringa og skape gode relasjonar. Det betyr at aksjonar/hemnaksjonar skulane seg imellom ikkje vil være foreinleg med dette. Ved vår skule er det uaktuelt med «kriging» mellom skular. ”Svartelisting” av elever skal ikkje skje.
  • Det er tillat å ha ei «tulle med liste». På denne lista må elevane som har lyst til å bli «tulla med» signere med namn og kva for ein klasse dei går i. Denne «tullinga» må ikkje vere av ein slik type at hen føler at det er ufint gjort mot eleven. Elevane kan trekke seg frå lista dersom dei vil det. Ass. rektor vil sjekke med dei som står på lista at det stemmer. Russen kan ikkje ta eleven ut frå undervisning for å «tulle med dei».
  • Etter normalreglementet er det ikkje tillat å nyte alkohol eller andre rusmidlar på skulen sitt område. Det er heller ikkje tillat å møte i ruspåverka tilstand på skulen.
  • Kostnader ved skade på skulen sitt område utført av russen på Austrheim vgs (herunder også aktivitetar som det kostar ekstra å rydde opp etter) kan bli belasta skulen sitt russestyret. Dersom slike hendingar skal oppstå vil det være russestyret sitt ansvar å få «rydda opp» i situasjonen på best mogleg måte.
  • Vår skule skal ikkje være arena for negative handlingar knytt opp mot for eksempel «knutereglar». Dersom slike aktivitetar er til skade for medelevar, vil dette bli handsama som disiplinærsak. Når russen utarbeider «knutereglement» skal det være skilje mellom skuletid og fritid.
  • Eggkasting og kasting av andre matvarer som egg, mjøl, sukker, ketsjup, etc. skal ikkje skje på skulen sitt område. Det same gjeld kasting av kjemikaliar som maling og liknande.
  • Det er forbode å bruke vatnballongar/vatngevær inne i skulebygningane sitt område.
  • «Terrordagar» og «kidnapping» er totalt forbode.
  • Det er forbode å drive sal og marknadsføring (herunder russeeffekter) på skulen sitt område.

 

Russearrangementet.

Alle sosiale russearrangment som russefestar, konsertar og liknande vert lagt til helgene og heilagdagar i den grad det er mogleg.

 

Russeaviser.

Russestyret tar avstand frå alt materiale som blir publisert av anonyme personar. 

 

Skulen sitt ansvar for rettferdig handsaming av russ.

Avdelingsdirektør opplæring og kompetanse oppmodar alle lærarar til å sjå an situasjonen og forholda seg til kvart enkelt tilfelle slik at det ikkje skal gå ut over andre russ på Austrheim vgs.

 

Sanksjonar ved brot på ordensreglement (gjeld alle elevar på skulen)

  • Uvørden/overdriven aktivitet – tilsnakk.
  • Mindre regelbrot – merknad, åtferd.
  • Grove regelbrot – åtvaring om nedsett åtferdskarakter/utvising (eggkasting/valdeleg åtferd/mobbing).
  • Gjentatte regelbrot – åtvaring om /evt. nedsett åtferdskarakter/utvising.
  • Lovbrot kan medføre politimelding.

 

 

Lokal tids- og handlingsplan.

  • Reglement og handlingsplan vert gått gjennom og signert på møte der russen, russestyret og rektor deltar. Russestyret har ansvar for å gjere reglementet og planen kjent for resten av skulen sin 
  • Reglementet vert lagt tilgjengeleg på skulen si nettside.

 

15.02.2024

Foreldremøte for russ i Vestland, - Stor-Bergen.

Amalie Skram vgs

Dato kjem.04.24

Trafikksikringsarrangement, Trygg trafikk

25.04.2024

Dato for russedåp

Dato kjem. 04.2024

Russerebus , Trygg Trafikk

25.04.2024- 17.05.2024

Russeklede kan brukast på skulen sitt område

 

 

 

Stad:   Austrheim vidaregåande skule                                  Dato: ……… 10.23

 

 

 

 

Signatur                                                                                     Signatur

(rektor)                                                                                       (Russepresident ved skulen)

Frode Hervik                                                                             Sanna-Mari Vallestad Årås