På denne sida finn du ein del praktisk informasjon om skulestart. Mange av elevane har god kjennskap til dei ulike ordningane, mens det for andre er heilt nytt. Her står litt om skuleskyss, avtalar og samtykke, stipend, elevpc og startsamtalar.
Informasjon skuleåret 2024-2025
Alle elevar må i løpet av dei første vekene ha gjort følgjande:
- Gje skulen opplysningar om kven dei ønskjer skal vere deira kontaktpersonar. Ta kontakt med kontoret.
- Signere elektronisk avtale om utlån av skulebøker og anna utstyr.
- Signere elektronisk samtykke til bruk av bilete.
- Søkje i SkyssElev om skulereisekort dersom dei meiner dei har rett på gratis skuleskyss eller særskild skyss.
Skuleskyss
Det går både buss og båt til skulen. Alle elevar som må reise med buss eller med båt og som har rett på gratis skuleskyss, må søkje sjølv på denne nettsida SkyssElev før skulestart.
Også i år vert elevane oppmoda om å nytte skuleskyssbillett på mobil. Sørg då for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på mobilen din. I løpet av første skuledag vil skulen opne opp for mobilbillett dersom du har søkt før skulestart. Elevane kan reise gratis til skulen første skuledag.
Om du vel å ikkje ha mobilbillett vil du få utlevert eit mellombels skulereisekort første skuledag. I år treng du ikkje å ha tatt vare på det gamle kortet ditt. Elevane skal vise fram kortet sitt ved ombordstiging.
Elevar som bur i ein ungdomskortsone, må nytte ungdomskort. Reglar for dette finn de på Skyss.no.
Elevar som treng særskild skyss, t.d. sidevegsskyss eller særskild skyss pga funksjonshemming eller mellombels skade, må ta kontakt med kontoret snarast. Ved skulestart er det inntil 14 dagars behandlingstid hjå Skyss.
Bussruter finn du på Skyss.no.
Digitale avtalar
Vestland fylkeskommune har teke i bruk digitale skjemaløysingar for:
- avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv for elevar i vidaregåande opplæring
- samtykke til bruk av bilete
Alle elevar må signere desse to skjema kvart år.
Skjema krev autentisering med MinID/BankID.
Lenkjer til begge skjema finn du på Skoleportalen, følg denne lenka: skoleportalen.no. Bla deg ned på sida til Nyttige lenker.
Stipend og lån - Lånekassen
Er du elev og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uavhengig av føresette si inntekt. Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Du søkjer på Lånekassen og logger deg inn med BankID/MinID. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram vg1 og vg2, må rekna med ein del utgifter til utstyr og materiell til bruk i undervisninga. Nærare informasjon får du frå kontaktlærar.
Bøker
Alle elevar får gratis lærebøker til utlån på skulen. Hugs å signere den digitale låneavtalen kvart skuleår. Låneavtalen finn du her på skoleportalen.no under Nyttige lenker.
Elev-PC
Undervisninga i vidaregåande skule krev pc. Alle elevar i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune har sjølv ansvar for å stille med pc til skulestart i august. Pc er eit nødvendig verktøy i din skulegang. Du kan kjøpe ein rimeleg pc gjennom Vestland fylkeskommune. All informasjon om ordninga finn du i denne lenka Elevpc. Hvis ikkje du får tilgang til å kjøpe pc her må du ta kontakt med skulen.
Skoleportalen
Elevane finn mykje nyttig informasjon på Skoleportalen.no. Her er lenker til dei mest brukte systema våre og aktuelle programvarer, lenker til hjelp ved gløymt passord, kontrakt for samtykke til bruk av bilete, starthjelp for nye brukarar og mykje meir.
Startsamtalar
Elevar og føresette på vg1 og vg2 får innkalling til startsamtale med kontaktlærar i veke 34 eller 35. Dersom oppgjeve tidspunktet ikkje passar, kan de ta kontakt med kontaktlærar for endring av dette. Det er viktig at elevar under 18 år har med føresette. På vg3 gjennomfører kontaktlærar startsamtalar med elevane.