Hopp til hovedinnhold

Korleis søkje læreplass

Korleis bli lærling

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjend lærebedrift

Kanskje veit du om ei bedrift der du ønskjer å søkje læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjende lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.

Søk læreplass

Det er fleire måter å søkje læreplass på. Du kan sjølv oppsøkje bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlingar. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no  for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedrifta. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanlegvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Søk om lån og stipend

Du kan søkje om stipend etter dei same reglane som elevar på vidaregående. Her er nokre unntak, mellom anna får dei ikkje utstyrsstipend. Lærlingløna kan og påvirke bortebuarstipendet. Les meir om lån og stipend til lærlingar

Her søkjer du om lån og stipend hos Lånekassen

Elev- og lærlingombod

Ann Kristin Hauge og Peder Bugge er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune. Dei jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine i skule eller på læreplassen. Hos dei kan du få råd, rettleiing og støtte. Les meir her: Elev- og lærlingombodet

Informasjonshefte

Vestland fylkeskommune har publisert eit hefte der ein kan lese meir om korleis ein søkjer læreplass: Søk læreplass