Hopp til hovedinnhold

Trygt og godt skulemiljø

Elevar som jobbar saman rundt eit bord

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø fritt for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det er di oppleving som skal ligge til grunn for skulen si oppfølging. Meld ifrå dersom du eller nokon du kjenner ikkje har det bra på skulen!

Snakk gjerne med kontaktlærar, ein tilsett du stolar på eller rektor dersom du ikkje har det bra på skulen. Du kan også ta kontakt med rådgjevar, miljøarbeidar eller skulehelsetenesta.

Du kan og melde ifrå digitalt ved hjelp av skjema på nettsida til Vestland fylkeskommune. Her finn du skjema og meir informasjon frå fylkeskommunen.

Austrheim VGS-02525.jpg

Trygt og godt skulemiljø