Hopp til hovedinnhold

Skulemiljø

Elevar som spelar bordtennis

Austrheim vidaregåande skule har litt over 200 elevar primært frå ulike kommunar i Nordhordland og Sogn (Gulen og Solund), og ligg vakkert til ved sjøen i Mastrevik. Elevane trivst godt, og me arbeidar saman for å skape det beste skulemiljøet i Vestland. Skulemiljøet skal verte endå betre gjennom samskaping mellom elevane og dei tilsette.

Kantina er hjarta i skulemiljøet med pulserande liv i storefri og andre friminutt, og er ein viktig møteplass på kryss og tvers av klassane. Her vert det servert gratis skulefrukost kvar dag i første friminutt, og resten av dagen kan du kjøpe mat og drikke til ein billig penge. Dersom du ynskjer ein litt rolegare møteplass eller vil arbeide med fag, kan du bruke biblioteket. Viss du ynskjer litt aktivitet, er bordtennisrommet staden for deg. Her er plass til mange ulike behov. 


Austrheim vgs er ein MOT-skule, og gjennomfører programmet Robust ungdom for vgs. Målet er å gjere ungdom meir robuste, og å skape klassekulturar og eit skulemiljø der alle er inkludert. Miljøkoordinatorane våre - som også er MOT-coachar - er sentrale brikker i det trivselsfremjande arbeidet. Dei legg mellom anna til rette for at den elevstyrte aktivitet- og arrangementskomiteen får gjennomført sine planar. Det er også ei elevgruppe som arbeidar for å skape eit inkluderande og godt psykososialt skulemiljø. 


Skulen har også aktivitets- og temadagar som bryt opp skulekvardagen med alternative undervisningsopplegg, som involverer klassar på kryss og tvers og som er med på å byggje eit godt skulemiljø. Austrheim vgs legg stor vekt på ein mjuk skulestart om hausten med mange ulike aktivitetar, slik at dei nye elevane blir godt kjende med klassane sine. Her brukar me kvalitetane i nærområdet. 
Velkommen til oss!