Hopp til hovedinnhold

Kunstig intelligens - chatrobot

Med publiseringa av chatroboten OpenAI har det kome eit verktøy som opnar for nye moglegheiter. Skulen må utvikle seg i takt med teknologiutviklinga, og ta nye moglegheiter i bruk i undervisninga.

Samstundes er det fare for at elevane kan verte frista til å nytte dette verktøyet til å jukse i vurderingssituasjonar, som til dømes innleveringsoppgåver.

Austrheim vgs vil derfor presisere følgjande:

  1. Bruk av OpenAI eller tilsvarande til å svare på oppgåver i vurderingssituasjonar, der ein skriv av/les av svar frå robotar med kunstig intelligens, er plagiat som er å rekne som juks. Dersom ein vert tatt i dette, medfører det sanksjonar i tråd med Ordens- og åtferdsreglementet – Lokalt tillegg.
  2. Det er relativt lett å avsløre om AI har vore nytta både ut frå stil og struktur, samt at det føreligg ulike digitale verktøy som kan avsløre dette om lag på same måte som ein plagiatkontroll.
  3. Denne nye teknologien får konsekvensar for kva vurderingspraksis lærarane legg opp til i dei ulike faga. Det kan såleis verte endringar i denne i ulike fag.
  4. Det er mogeleg at OpenAI kan ha ein nytteverdi som oppslagsverk, verktøy for å finne kjelder og liknande. Lærarane vert også utfordra til å utforske kva nytte ein kan ha av dette verktøyet i dei ulike faga både sjølve og saman med elevane.

Bodskapen er såleis klar: Austrheim vgs oppmodar om å teste ut denne nyte teknologien, men åtvarar mot å nytte det til å jukse i vurderingssituasjonar. Desse presiseringane gjeld fram til det eventuelt kjem nye presiseringar eller føringar frå skulen, Vestland fylkeskommune eller Utdanningsdirektoratet.